Megardsstølen i Hundeidvika, Sykkyvlen

Fellestur

Dato
17. september 2020 kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
DNT Sunnmøre, DNT senior Sunnmøre
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Oppmøte: Hundeidvik ferjekai torsdag 17. sept. kl. 11.00.

 

Dei som kjem frå Ålesundsområdet, tar 10.10-ferja frå Magerholm. Frå Ørsneset køyrer du forbi sentrum i Sykkylven og over brua til Ikornnes. Etter brua tek du til høgre og køyrer til Hundeidvik. Der møtest vi på ferjekaia og har opprop der.

Om lag 250 m etter krysset der ein køyrer ned til ferjekaia, køyrer vi til venstre opp mot Megardsdalen. Bomveg 30 kr. Parkering ved ei rundkøyring etter om lag 1,7 km.

Frå parkeringsplassen går vi på traktorveg og sti til Megardsstølen ca. 500 moh. Total stigning ca. 300 m. Tur-retur er ca. 5 km. Ved Megardsstølen er det fleire vatn: Heimstevatnet, Litlevatnet, Mevatnet og Storevatnet. Litt lenger framme ligg Trollvatnet. På nordsida av Megardsstølen ligg Skopphornet 1226 m, og på sørsida Hundatinden 1234 m. Frå Megardsdalen er det sti og anleggsveg ned til Riksheim. Ein annan tursti går til Trandal i Hjørundfjorden, og er ein del av ruta til Hjørundfjorden rundt.

Kart: Sykkylven kommune 1: 50000 eller Sunnmørsalpene Øst 1: 50000.

 

Turleiarar: Gullbjørg Helle tlf. 91884939 og Kjell Rønning tlf. 48071775.

Megardsstølen i Hundeidvika, Sykkyvlen

Oppmøte: Hundeidvik ferjekai torsdag 17. sept. kl. 11.00.   Dei som kjem frå Ålesundsområdet, tar 10.10-ferja frå Magerholm. Frå Ørsneset køyrer du forbi sentrum i Sykkylven og over brua til ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kjell Martin Rønning
  • Gullbjørg Helle