Ansokhornet og Jolgrøhornet

Fellestur

Dato
13. mars kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Sunnmørsalpane, Stranda
Arrangør
DNT Sunnmøre, Stranda Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

Turen arrangeres av Stranda turlag

Turen startar frå Ringset. Parkeringsplass ved fabrikken like før/etter tunnelen ovanfor fergekaia i Liabygda. Moderat stigning i retning Ansoksætra og vidare mot Ansokhornet med ei framifrå god utsikt innover Sunnylvsfjorden. Turen går vidare mot Jolgrøeggene 985 m.o.h. og vidare mot Vardbakkane 1099 m.o.h. Vi legg opp til passande pausar undervegs. Herifrå gjenstår omlag 150 høgdemeter før ein når «høgdepunket» på turen - Jolgrøhornet 1253 m.o.h. Frå toppen av Jolgrøhornet  er det ei fantastisk utsikt mot Stordalsfjella, Stranda og omegn. Returen går via Vardebakkane og Ringsetsætra, Øygardsnakken og tilbake til bilane på Ringset.

 

Ein lang og moderat/krevjande tur, i eit spennande og variert terreng. Turtid totalt 4-6 timar.

Turleiarar: Marvin Hole 404 08 878 og Kåre Bø, tlf. 954 98 465

Oppmøte: Stranda fergekai. Kl. 09:00

Ansokhornet og Jolgrøhornet

Turen arrangeres av Stranda turlag Turen startar frå Ringset. Parkeringsplass ved fabrikken like før/etter tunnelen ovanfor fergekaia i Liabygda. Moderat stigning i retning Ansoksætra og vidare mot Ansokhornet med ei ...