Rundtur om Rametinden og Jønshorn

Fellestur

Dato
29. august kl. 08:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Aktivitet Topptur, Fjordutsikt
Arrangør
DNT Sunnmøre, Sula Turlag
Dette arrangementet er over!

Sula Turlag inviterer til rundtur om Rametinden og Jønshorn

Dette er ein rundtur som er lang og krevjande. Ta av frå E-39 ved Barstadvika aust for Barstadelva, køyr 2km til god parkering ved ei bru og eit kvernhus. Me gjeng opp frå Vollane i Barstadvika og ned igjen via Molladalen. Turskilt til Festøykollen viser rutestarten nord for elva, stien kryssar elva etter 300m. Litt bratt opp til over tregrensa ved Gamlestøylen. Me føljer stien sørover Breidaaksla og fjellryggen som svingar aust til Ramtinden 1198 moh., den må bestigast før me går vidare ned i Ramoskaret og deretter føljer me egga til topps. Eit kortare stykke er egga ekstra bratt, det er festa ein taustump der som mange vel og stole på. På toppen kan du krype gjennom eit hol for å nå det høgaste punktet. Her oppe kan ein nyte ei fantastisk utsikt før ein startar på nedturen. Nedturen blir og ei flott oppleving, me skal bortetter ei egg og ned Jønshornrenna, då kjem me ned til Storevatenet i Molladalen. Turen fortsetter ned til Melbøsetra og me gjeng bilvegen tilbake til bilane(ca.3 km).

Tidsforbruk: 8-10 timar
Utstyr: Gode sko, vindtette klede, hue og hanskar.
Påmelding: Denne turen krev påmelding innen 26.08.20.
Turleiarane: Anna Marie Rekdal Havnegjerde, tlf. 48296625
Odd-Rune Havnegjerde, tlf. 92095652
Målgruppe: Du må være i god form og være vant til å gå lange og
krevjande turar. Du må være trygg i høgda, det blir
mange luftige parti.
Eventuelt: Ved dårlig vær kan turen bli flytta til søndag 28.08.20.
Dette blir det opplyst om på ÅST. si nettside og på
Facebook sida til Sula Turlag.

Oppmøte: J.R.Sunde på Solevågseide nr.26. Kl. 08.05

Rundtur om Rametinden og Jønshorn

Sula Turlag inviterer til rundtur om Rametinden og Jønshorn Dette er ein rundtur som er lang og krevjande. Ta av frå E-39 ved Barstadvika aust for Barstadelva, køyr 2km til ...

Kontaktinformasjon:

  • Anna Marie Rekdal Havnegjerde, tlf. 48296625 Odd-Rune Havnegjerde, tlf. 92095652