Høsttur til Masdalhornet

Fellestur

Dato
1. november kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Sunnmørsalpane
Arrangører
DNT Sunnmøre, DNT Sunnmøre. Turgruppa
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Masdalhornet er ein flott haust- tidleg vintertur. Turen starter ved Høgebakken/Vartdalsætra kl.10.00. Masdalhornet ser vi frå vegen kor det ruvar høgt og massivt vest for Masdalskloven. Når vi står på Masdalhornet/Vartdalshornet så ser vi rett bort på Klovetinden. Vi går framover stien mot Romedalen og tek ganske så bratt opp til venstre, mot Trongegga. Den kan opplevast litt luftig, men du går veldig trygt. Vidare kan vi ta turen innom Storhylla før vi fortsetter bort på Masdalhornet. Vi skal ha det kjekt på tur, så vi vil gå i javnt og roleg tempo.

Turen tek 4-5 timar tur/retur.

Kva er lurt på ha i sekken?

Vottar og lue, gjerne vindvotter i tillegg, ei varm jakke og ein vindjakke. Litt avhengig av kva du har på deg når vi byrjar gå. Sitteunderlag og ein termos med varm drikke. Greitt med ei ekstra ulltrøye, og ein matpakke. Pakk gjerne med deg brodder og ta med stavar om du er komfortabel med å bruke det.

Skotøy er viktig, ta på ankelhøge sko, vi skal gå i urent terreng og du treng å støtte anklen. Følg med på vërmeldinga og kle deg etter vêret. Oppdatert informasjon kjem på e-post.

Høsttur til Masdalhornet

Masdalhornet er ein flott haust- tidleg vintertur. Turen starter ved Høgebakken/Vartdalsætra kl.10.00. Masdalhornet ser vi frå vegen kor det ruvar høgt og massivt vest for Masdalskloven. Når vi står på Masdalhornet/Vartdalshornet ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Øystein Drabløs Langlo
  • Rigmor Nekstad