Seniortur til Vardefjellet i Fjord kommune

Fellestur

Dato
1. juli kl. 10:30 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjordutsikt, Fjellutsikt
Arrangører
DNT Sunnmøre, DNT senior Sunnmøre
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

Oppmøte: Muritunet i Valldal torsdag 1. juli kl. 10.30

 

Opprop og ev. samkøyring frå Muritunet til Lingås og vidare på bomveg til Klovset (50 kr). Siste delen av bomvegen er litt bratt, men grei å køyre. Klovset 530 moh er setra til gardane på Linge og i Lingås.

Derifrå går vi på sti oppover. Det er litt bratt i starten, men eit stykke oppe i lia deler stien seg mot Vardefjellet og Hogsetdalen. Her går vi vestover mot Vardefjellet, og stien flatar no ut, og det opnar seg utsyn mot fjord og fjell. Eit lite stykke før toppen passerer vi Vardevatnet 850 moh. Stien er merka med raude V-ar for Verdsarv.

På Vardefjellet 893 moh er det flott utsyn mot bygdene og fjella i Fjord og Stranda kommunar. Vardefjellet er eit vete/varde-fjell der dei i vikingtida tende bål for å varsle om ufred og åtak frå fiendar.

 

Tidsbruk tur/retur 3-4 timar. Lengd tur/retur er om lag 4,5 km. Total stigning 353 m. Middels tung tur. Til vanleg er stien tørr og grei å gå.

 

KORONA/COVID-19: På våre turer og aktiviteter kan du være trygg på at vi tar smittevern på alvor. DNT har utarbeidet en egen smitteverninstruks for aktivitet som er i tråd med myndighetenes råd om smittevern.

Deltakelse på våre turer forutsetter at du som deltaker er frisk, ikke har symptomer på luftveisinfeksjon og ikke er i karantene. Generelle smittevernsregler skal alltid overholdes. Turleder/instruktør eller aktivitetsleder har rett til å vise bort deltakere som ikke overholder dette.

Hold deg oppdatert på myndighetenes råd: Hold deg oppdatert på myndighetenes råd: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

 

Seniortur til Vardefjellet i Fjord kommune

Oppmøte: Muritunet i Valldal torsdag 1. juli kl. 10.30   Opprop og ev. samkøyring frå Muritunet til Lingås og vidare på bomveg til Klovset (50 kr). Siste delen av bomvegen ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Åshild Gjerde Fallgren
  • Kjell Martin Rønning