Seniortur til Muldal og Tafjordsetra

Fellestur

Dato
16. september kl. 10:30 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Turkatalog2021, Fjordutsikt, Fjellutsikt
Arrangører
DNT Sunnmøre, DNT senior Sunnmøre
Turområde
Tafjordfjella (se kart)
Dette arrangementet er over!

Frå Muldalsvika og opp til gardane i Muldal 370 moh går det ein skogsveg i 13-14 svingar. Her er til vanleg tørt og greitt å gå, men jamn stigning, så dette er den tyngste delen av turen. Om veret er greitt, går vi vidare i lett stigning fram til Tafjordsetra 531 moh. Her er nokre parti som kan vere litt fuktige om det har regna nyleg. Frå Tafjordsetra går det ein T-merka sti vidare til Vakkerstølen, og ein annan til Reindalseter.

Muldal vart fråflytta i 1955, men husa på dei to gardane er i bruk som fritidsbustader.

Muldalslia er landskapsvernområde med edellauvskog, og er særleg kjend som eit ynda område for flaggermus. Mellom Muldal og Tafjordsetra er det ei demning der vatnet går i ein tunnell til kraftstasjonen K4 i Tafjord. Før reguleringa av vassdraget var Muldalsfossen ein kjend turistattraksjon.

 

Tidsbruk tur/retur om lag 4 timar. Lengde om lag 8 km tur/retur. Total stigning 520 m. Kan vere litt tung tur for seniorar.

Frå Ålesund sentrum til Muldalsvika brukar ein om lag 1 t 40 min. med privatbil.

Oppmøte: Parkeringsplassen i Muldalsvika torsdag 16. sept. kl. 10.30

 

KORONA/COVID-19: På våre turer og aktiviteter kan du være trygg på at vi tar smittevern på alvor. DNT har utarbeidet en egen smitteverninstruks for aktivitet som er i tråd med myndighetenes råd om smittevern.

Deltakelse på våre turer forutsetter at du som deltaker er frisk, ikke har symptomer på luftveisinfeksjon og ikke er i karantene. Generelle smittevernsregler skal alltid overholdes. Turleder/instruktør eller aktivitetsleder har rett til å vise bort deltakere som ikke overholder dette.

Hold deg oppdatert på myndighetenes råd: Hold deg oppdatert på myndighetenes råd: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/

 

Seniortur til Muldal og Tafjordsetra

Frå Muldalsvika og opp til gardane i Muldal 370 moh går det ein skogsveg i 13-14 svingar. Her er til vanleg tørt og greitt å gå, men jamn stigning, så ...

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Rønning mob 48071775, Gullbjørg Helle mob 91884939

Turledere:

  • Gullbjørg Helle
  • Kjell Martin Rønning