Turen startar frå Ringset. Parkeringsplass ved fabrikken like før/etter tunnelen ovanfor fergekaia i Liabygda. Moderat stigning i retning Ansoksætra og vidare mot Ansokhornet med ei framifrå utsikt innover Sunnylvsfjorden. Turen går vidare mot Jolgrøeggene 985 moh. og vidare mot Vardbakkane 1099 moh. Vi legg opp til passande pausar undervegs. Herifrå gjenstår omlag 150 høgdemeter før ein når «høgdepunket» på turen - Jolgrøhornet 1253 moh. Frå toppen av Jolgrøhornet er det ei fantastisk utsikt mot Stordalsfjella, Stranda og omegn. Returen går via Vardebakkane og Ringsetsætra, Øygardsnakken og tilbake til bilane på Ringset. Ein lang og krevjande tur, i eit spennande og variert terreng. Turtid totalt 4-6 timar.
OPPMØTE: Stranda Fergekai kl. 09.00
Påmelding til turleder.
Bilde tatt frå Jolgrøhornet med fantastisk utsikt mot Sunnmørsalpane og Sunnylvsfjorden. Foto: Kristin Vebenstad