Heimste og Fremste Blåhornet

Fellestur

Dato
24. april kl. 09:30 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Topptur, Sunnmørsalpene, Fjellutsikt
Arrangør
DNT Sunnmøre, Stranda Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

Skituren til Blåhorna startar først i litt skog og stigning opp mot Heimfjørstadsætra på høgde 667 moh. Her tek vi ei pause ved Ivaselet til Bjørnhild og Roger. Vidare går vi opp skaret mellom dei to Blåhorna. Vi legg turen først om Heimste Blåhornet før vi følgjer ryggen vidare bort mot Fremste Blåhornet. Utsynet frå toppen mot Storfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjella og Sunnmørsalpane er storslagent. Frå toppen av Fremste Blåhornet er det flott nedkøyring i fint skiterreng med jamn hellingsvinkel på 25-30 grader heile vegen ned. Det same gjeld frå toppen av Heimste Blåhornet. Turen er middels tung og passar for vaksne og ungdom. Fjellski eller toppturski med fellar må ein ha for å gå denne turen. Lengde: 4-5 km. 1150 høgdemeter. Tid: 4 timar til toppane.

OPPMØTE: Esso, Stranda, kl. 09.30

Påmelding til turleder.

Heimste og Fremste Blåhornet

Skituren til Blåhorna startar først i litt skog og stigning opp mot Heimfjørstadsætra på høgde 667 moh. Her tek vi ei pause ved Ivaselet til Bjørnhild og Roger. Vidare går ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørnhild og Roger Nykrem
  • Tlf. 47267876