Keipen (944 moh) og Lisjedalshornet (1312 moh)

Fellestur

Dato
27. juni kl. 09:15 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Sunnmørsalpene, Aktivitet Topptur, Fjellutsikt, Fjordutsikt
Arrangør
DNT Sunnmøre, Stranda Turlag
Turområde
Folgefonna, Sunnmørsalpane (se kart)

Omlag 2 km på FV 655 frå Sæbø, tek du av opp Holebrauta. Følg Holebrauta forbi Holen sandtak (du skal ha sandtaket på di høgre side). Sjå etter skilt “Thereseråsa” og følg grusvegen rett opp. Du kan køyre vegen til endes. Det er bra med parkeringsplassar der turen startar. Første delen av denne ruta går i Thereseråsa. Ei rås som er koseleg dekorert med raude hjarte og malte steinfigurar. I 300 meters høgde skal du ta av på sti langs elva. Du finn ein stein med påskrift Nøvedalen, og det er raude merke langs stien. Etterkvart skal du krysse elva (325 moh). Det er godt merka og stien er tydeleg vidare. Gå vidare på sti til du igjen kryssar elva (600 moh). Like etter at du har kryssa elva deler stien seg. Vi skal ta av til høgre på ein litt mindre tydeleg sti enn den som går vidare framover dalen. Det er merka med ein liten varde. Ganske snart s er vi ein høg varde oppå ein stein. Vi tek til høgre rett etter steinen. Stien blir tydelegare når vi kjem oppå fjellryggen, og den er lett å finne heile vegen opp til Keipen, delvis merka med vardar. Vi tek ein god rast på Keipen (971 moh) og nyt den flotte utsikta. Herifrå går vi vidare til Lisjedalshornet som er dagens turmål. Det er omlag 300 høgdemeter dit. Det er tydeleg trakk vidare så det er lett å finne ei god rute. Nokre vil synest at dette er krevjande og utsett, då det vert litt klyving. Det er ingen spesielt utsette parti og dei fleste vil synest at det er greitt å gå hit. Ein flott tur med god sti heile vegen nesten heilt til topps. Spektakulær utsikt. Omlag 2,5 timar til toppen.

OPPMØTE: Esso Stranda kl 09.15

Påmelding til turleder.

Keipen (944 moh) og Lisjedalshornet (1312 moh)

Omlag 2 km på FV 655 frå Sæbø, tek du av opp Holebrauta. Følg Holebrauta forbi Holen sandtak (du skal ha sandtaket på di høgre side). Sjå etter skilt “Thereseråsa” ...

Kontaktinformasjon:

  • Rolf Ness, 48112582 og Liv Hilde Vågsæter, 91578373