Topptur til Masdalshornet over Trongegga

Fellestur

Dato
3. oktober kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Sunnmørsalpane, Topptur
Arrangører
DNT Sunnmøre, DNT Sunnmøre. Turgruppa
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Dette er ein fin haustur, med start frå Vartdalssætra/Høgebakken. Du tek av ved Kyrkja på Nordre Vartdal og køyrer innover dalen til du kjem til «bompengestasjonen», her kan du betale med vipps, eller penger. Det er eit stykke framover på grusveg før du kjem fram til ein stor og god parkeringsplass rett før setra.

 

Turen går frå setra og framover mot Romedalen, vi skal etterkvart ta av opp mor venstre og mot Trongegga. Det kan vere litt utfordrande, men det er trygt og ein god og markant sti å gå. Frå toppen av Trongegga og utover er det eit stort platå, og her hår vi følelsen av å vandre på toppen av verden med fantastisk utsikt mot Molladalen og fjella rundt. Vi går innom Storhylla og ser avtrykket etter ormen som delte Masdal frå Nordre Vartdal. Masdalshornet ligg heilt ute på kanten, men dramatisk utsikt ned til fjorden.

 

Vi gleder oss til tur. Vi er på tur saman og går saman. Utstyrsliste og nærare informasjon kjem på e-post til dei som melder seg på.

 

Då sjåast vi, God tur

Topptur til Masdalshornet over Trongegga

Dette er ein fin haustur, med start frå Vartdalssætra/Høgebakken. Du tek av ved Kyrkja på Nordre Vartdal og køyrer innover dalen til du kjem til «bompengestasjonen», her kan du betale ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Øystein Drabløs Langlo
  • Rigmor Nekstad