Avlyst Rundtur på Hidsegga

Fellestur

Dato
10. april kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Sunnmøre, Fjellspor, Hidsegga
Arrangører
DNT Sunnmøre, DNT fjellsport Sunnmøre
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Føreforhold

Det er mange turar med klyving i turprogrammet til DNT fjellsport Sunnmøre i år, og det er tid for å starte treninga til høgre fjell seinare på året. Årets fyrste fottur blir naturleg nok ute ved kysten, og er ein skikkeleg godbit som nok er ukjend for dei fleste. 

Turen startar på Hidsneset mellom Moltustranda og Gjerdsvika. Her er ei parkeringslomme i vegkanten. ( der ein kan gå ned til fyret ) Ruta går strake vegen til topps via Flåtinden, og kanskje ein sving bortom Litle Løsethornet. Sjølv om det er bratt er det er ikkje behov for sikring.

Frå toppen av Hidsegga kan vi puste ut, for her går tilbaketuren på god sti i slakt terreng over Grøthornet og Trolltua. Det blir ei pause ved gapahuken undervegs.

Det blir ca. ein kilometer å gå langs vegen tilbake til bilane.

Turen blir på om lag 750 høgdemeter og tar 3-4 timar.

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sindre Slettestøl
  • Martine Slettestøl