Topptur til Lianibba

Fellestur

Dato
26. mars kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Lianibba, Sunnmørsalpane
Arrangør
DNT Sunnmøre, Stranda Turlag

Turen arrangeres av Stranda turlag

Lianibba er ein lengre, men enkel og nydelig topp å gå til på vinterstid. Ein fin tur når du vil tilbringe ein heil dag i fjella på Sunnmøre.

Turen startar ved Tronstad i Hellesylt som ligg ved RV 60 omlag 4 km frå grensa mellom Hornindal og Hellesylt. Parkering ved ungdomshuset(skilta), men sjølve turen startar 150 meter tilbake ved busstoppet, ved sida av ei garasje, på høgre side av vegen. Frå Tronstadsætra (620 moh) og vidare opp mot toppen held ein svakt til høgre, og passar på å alltid vere til høgre for bekkejuvet.

Turen er 6,2 km ein veg, men turen er relativ slak. Den siste bakken før toppen på 1500 moh. er det einaste bratte partiet. På toppen må ein vere merksam kanten og skavlane som ligg rundtpunktet. Turen er under 30 grader.

Turleiarar: Jens Arve Forbord, tlf. 452 35 902 og Sverre Jan Rønneberg, tlf. 908 66 000

Oppmøte: Esso, Stranda kl. 09:30

Turtid totalt 5-6 timar.