Hornindalsrokken

Fellestur

Dato
14. august kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjordutsikt, Fjellutsikt, Topptur
Arrangør
DNT Sunnmøre, Stranda Turlag

Stranda Turlag

Hornindalsrokken er eit tydeleg landemerke på grensa mellom Møre og Romsdal og Hornindal inst i Hjørundfjorden. Toppen som også berre blir kalla Rokken, stikk opp som ein markant spiss og gjev eit luftig og vidt utsyn utover Sunnmørsalpane. Vi køyrer Fv 60 frå Hellesylt til Horndøla bru rett etter fylkesgrensa. Her tek vi av til høgre på ein kort bomveg opp til parkeringsplassen. Vi følgjer grusvegen oppover ved Hornindalssætra, tek til venstre på ein skogsveg og følgjer denne vidare heilt til endes. Tydeleg merka rås. Vi passerer vatnet “Store Luka” før vi kjem til det bratte partiet opp fjellet. På toppen er det luftig og flott utsikt ned mot Tyssevatnet og utover mot kysten.

Oppmøte: Esso Stranda kl. 09:00

Lengd: 12 km tur/retur.

Tid tur/retur: 5-7 timar.

Påmelding til turleiar.

 

 

Kontaktinformasjon:

  • Rolf Ness tlf. 48112582 og Marianne Løseth tlf. 95067406