Jønshornet

Fellestur

Dato
27. august kl. 08:30 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjellutsikt, Fjordutsikt, Topptur
Arrangør
DNT Sunnmøre, Stranda Turlag

Stranda Turlag

Frå Vollane ved Barstadvik følger vi ei sætrerås opp til Gamlestøylen, som ligg 4-500 moh. Etter sætra går vi først nokså flatt til høgre over nokre myrar, og så med jamn stigning langs ryggen oppover mot Rametinden (1198 moh), der ein kan sjå ned i Hjørundfjorden.

Det heng ein kjetting på det brattaste partiet. Her klyv vi opp den bratte egga og står snart under toppen. Her kan vi krype opp mellom store steinheller, som dannar et lite hol i toppen.

Sjølve toppunktet har liten plass, men ein står trygt nede i ei lita gryte mellom steinane, og kan nyte utsikta utan fare. Utsikta frå Jønshornet er førsterangs. Til venstre ser ein ned i eit mektig sluk, der botnen er fylt av ein oppsprukken isbre. Til høgre ser ein Sunnmørsalpane. I sør strekker ein knivkvass egg seg med tårn og taggar, som omkransar Molladalen i sør. Toppane du ser her er Randers topp (1414 moh), Mohns topp (1340 moh) og Holtanna.

Frå toppen kan ein klyve eit stykke nedover og så gå ut på eggen mot Molladalen som opnar seg djupt under deg. Herifrå har vi ei eineståande utsikt.

Oppmøte: Esso, Stranda kl 08:30

Total turtid omlag 7 timar.

Påmelding til turleiar.

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Arve Brune, tlf. 95732209 og Lisbeth Koppang, tlf. 95487726