Neslenibba og Kjenuken/Sundsnibba i Oldedalen

Fellestur

Dato
3. september kl. 08:30 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjordutsikt, Fjellutsikt, Topptur
Arrangør
DNT Sunnmøre, Stranda Turlag

Stranda Turlag

Turen startar frå Gjerde i Oldedalen. Her i frå går ein på merka sti til Sundssetra og vidare til Myrsnipa i Sundsdalen, der tek vi ein god pause og nyt usikta. Her er det siste moglegheit for påfyll av vatn. Vidare går vi mot Neslenibba på delvis sti.

Neslenibba har to punkt, vi går innom begge. På toppen er det fantastisk utsikt mot Oldedalen og Jostedalsbreen og mot Olden og Nordfjorden. På retur går vi bortom Kjenuken 1016 moh. Denne har eit flott utsiktspunkt.

Oppmøte: Esso, Stranda kl 8:30

Total turtid omlag 7 timar.

Påmelding til turleiar.

Kontaktinformasjon:

  • Lisbeth Koppang, tlf. 95487726 og Liv Hilde Vågsæter, tlf. 99646318