Klatretur til Høystakken i Vanylven

Fellestur

Dato
27. august kl. 09:30 - 16:30
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Klatretur, Turkatalog2022_Topptur, Fjellsport, Klyving, Sunnmøre, Høystakken, Vanylven
Arrangører
DNT Sunnmøre, DNT fjellsport Sunnmøre

Syvdsalpane ruver på austsida av Syvdefjorden. Mest av alle ruvar den spektakulære Høystakken. Med litt tunellsyn nede frå fjorden ser det ut som om den har forvilla seg frå Chamonix til Vanylven. Denne turen har flott fjellvandring tur/retur.

Frå parkering er det om lag 5 km å gå i lett småkupert terreng vestover mot Syvdefjorden og Høystakken. Etter kvart som ein kjem opp i høgda får ein god utsikt i alle retningar. Ved  kanten ned mot Syvdefjorden er det ein del flotte «pinaklar» som gjer utsikta litt spesiell. For å kome ut på sjølve Høystakken må vi bevege oss om lag 170 høgdemeter ned og utover ein forholdsvis smal rygg. På denne «nedstigninga» vert det nytta sikring. Når vi kjem ned og utpå Høystakken vert det kombinert pause og nyting av ei fantastisk utsikt, før ein startar på turen opp på kanten og tilbake til parkering.

Utstyr: Klatresele, 1 stk. 60 cm. slynge,  1 stk. skrukarabin, 1 stk. klemknute og klatrehjelm. Dette er utstyr som kan lånast hos DNT Sunnmøre, i tilfelle du ønskjer å låne, så noter i kommentarfeltet ved påmelding.

Startpunkt: Denne turen startar ved enden av bomvegen i Årskogkoppen. For å kome dit tek du av ved hovudvegen på Rovdestranda mot Årskogdalen. ( Skilt ved vegen ) Følg så denne vegen om lag 6 km til parkering.

Krav til deltakelse: Deltakerne må ha kjennskap til bruk av tau og klatreutstyr frå tidlegare, og må være vande med smale rygger og stor høgde.

 

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jørn Håskjold
  • Sindre Slettestøl