Goaldet og kulturstien på Lepsøya

Fellestur

Dato
29. mai kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kultursti, Utsikt, Hav, Øy
Arrangør
DNT Sunnmøre, Stordal Turlag

tur med Stordal Turlag.

Lepsøya har mykje å by på og denne dagen skal vi køyre over Lepsøybrua på Nordøyvegen.

Vi tek først turen opp på Goaldet, fjellet på Lepsøy. Det er bratt stigning opp til toppen på 490 moh. Rett under toppen er det mura opp ei steinbu som vi kan ta turen bort til. Goaldet byr på fantastisk 360-graders utsikt ut over havet, naboøyane og inn til fastlandet. Dette er fasinerande i både godt og dårleg vêr.

Etter fjellturen flyttar vi om på bilane og tek turen langs kulturstien på utsida av Lepsøy. Denne går frå idylliske Hellevika langs sjøsida til Rønstad. Her får vi nærkontakt med havet, der vi går på ein del svaberg. Vi passerer Rønstadhellaren, ei hole som ein kan gå inn i.

Oppmøte Stordal skule kl 09.00/Lepsøy ca kl 10.30.

Turleiarar: Ruth Janne Vinje, 91197921/Alexander Oudijk, 45116268

 

Kontaktinformasjon:

  • Ruth Janne Vinje, 91197921/Alexander Oudijk, 45116268