Tur med Stordal Turlag
Både Stolen og Auskjeret er toppar ved Overøye i Stordal. Vi tek ein rundtur mellom dei to toppane. Starten er frå skitrekket på Overøye. Vi følgjer skogsvegen opp og svingar mot Øravatnet. Her tek vi sikte på Kollen (1238) og vi skal gå ei spennande egg til Stolen (Ørastolen) på 1392 moh. Vi følgjer same veg tilbake, men no skal vi også opp på Auskjeret på 1340 moh. Dette er ei til dels bratt og utfordrande rute med ein del klyvjing, og deltakarane bør vere vande til høgde. Vi følgjer «normalruta» ned frå Auskjeret tilbake til toppen av skitrekket og går ned vegen.
Oppmøte Stordal skule kl. 09.00.
Turleiarar Alexander Oudijk, 45116268/Stig Nakken, 93272273