Tur med Stordal Turlag.
Denne turen skal vi utforske fjella mellom Valldal og Liabygda. Vi parkerer nokre bilar i Liabygda, og køyrer til Lingåsen/Klovsetsætra der vi tek beina fatt. Her skal vi først opp på Berdalsnibba (1343 moh). Vi følgjer fjellrekka bort til turens høgaste topp, Vasstinden på 1370 moh. Så kjem vi til Blåtinden (1338 moh) som er grensefjell mellom Fjord og Stranda. Vidare går vi til Liahornet (961 moh), Liasætra før vi ender opp i Liabygda. Ingen spesielt krevjande parti på denne turen, men den er lang (13-14 km) og ein må vere i god fysisk form.
Oppmøte Stordal skule kl 09.00.
Turleiarar: Bente Nakken Nilsen, 99627972/Kjell Magne Hove, 41660185