Slik er nye Kaldhusseter sjølvbeteningshytte

Foto: Jørn Håskjold

Velkommen til den nye sjølvbeteningshytta på Kaldhusseter! Eit godt utgangspunkt for turar vidare i fjellet, eller som base for dagsturar.

Den nye hytta skiljer seg arkitektonisk frå dei andre hyttene til DNT Sunnmøre, men innhaldet er det same. 1. etasjen er tilrettelagt for rørslehemma og det er bilveg heilt fram.

Ved hovedinngangen er der rom for hund og eigar med eigen inngang. Der er to senger i dette rommet, og bur for hundar av ulik storleik. Inne i hoveddelen av hytta kjem du først inn i ein romslig gang med god plass til å henge opp og tørke våte klede og sko. Det er også eit toalett i gangen. Vidare innover kjem du til proviantlageret før vegen deler seg og du har til venstre eit velutstyrt kjøkken med gode spisebord og ei luftig stove med sofakrok og lenestolar. Herifrå har du utgang til terassen. Til venstre ute i gangen har du soveromsavdeling og eit romslig bad med dusj.

I 2. etasje er der ein sofakrok på hemsen, eit toalett og fleire soverom. Hemsen går ut i rommet over kjøkkenet og har glasrekkverk. Her ligg alt til rette for å nyte naturen også innanfrå.

Overnatting på den nye hytta bestillast på hyttesida på www.ut.no

Som for dei andre hyttene våre, er det ikkje mogeleg at alle sengene blir opptekne, grunna smittevern. 

Skrevet av Tone Drabløs 6. august 2020