Naturen er fortsatt åpen!

Foto: Martin Hauge-Nilsen

Myndigheitene strammar inn igjen, men det er ingen grunn til å sette seg ned og sture. Ute ønsker naturen velkommen, og med gode rutiner for smittevern er det trygt å vere med oss på tur, både for gamal og ung.

Fellesturar

Alle fellesturar vil gå som planlagt, men med tydelige rutiner for smittevern. Antal deltakarar på turane er alt redusert i forhold til det som er normalt. Vi håper verkeleg at denne nye runden med innstrammingar gjer at vi kan komme tilbake til normalen snart, og gå mange på tur i lag! 


Hyttene

Ein må bestille seng/rom på hytte på førehand. Det nye er at det kun er tillatt for ei enkelt gruppe å opphalde seg på ei hytte om gongen. Mange av hyttene våre har fleire avdelingar, og dei fungerer som eigne einingar. Bookingsystemet er justert slik at ikkje fleire grupper kan bestille samtidig på same hytte/eining. Bestilling på ut.no. Dette gjeld førebels fram til 18. januar.


Våre smitteverntiltak

  • Påmelding på alle turar
  • Redusert antal deltakarar
  • Turleiar informerer om smittevern ved starten av turen
  • Utstyr skal ikkje delast på (utanfor eigen kohort)
  • Hald avstand
  • Er du forkjøla eller sjuk skal du ikkje delta på tur


Generelle smittevernråd

Følg råda til Folkehelseinstituttet:

  • Hold avstand
  • God håndhygiene
  • Bruk evt munnbind
  • Er du sjuk, hold deg heime

Les meir her.

Administrasjonen/butikken i Kongens gate 17 i Ålesund held ope som vanlig, mandag - fredag 8.00 - 15.30. Her kan du handle kart, bøker, turartiklar og T-merka varer, og få tips og råd til aktuelle turar.


Nærturar

Sunnmøre er eit flott turområde, og dei fleste av oss bur slik til at det finst ein nærtur for oss alle. På ut.no ligg det mange turtips, i tillegg til inspirasjon til både matlaging og andre aktivitetar ein kan gjere ute. 


God, trygg tur!



Foto: Aud-Iren Lyngseth

Skrevet av Tone Drabløs 5. januar 2021