Villrein i Tafjordfjella

Villrein
Villrein Foto: Olav Strand/NINA

Villreinen tek i bruk gamle vinterbeite- og kalveområder i Tafjordfjella.

Det gjeng mot kalvingstid for villreinen i Reinheimen og i år har fleire hundre dyr kryssa Rv.15 og inn i Tafjordfjella.

Villreinen har dei siste åra starta å ta i bruk gamle vinterbeite- og kalveområder etter å ha vore mykje samla i områda søraust i Reinheimen og sør for Rv.15 i Breheimen.

Det beste vi kan gjere for å ta vare på villreinstammen er å halde oss unna områda dei bruker, og om vi skulle vere så heldig å få sjå dei, betrakte på avstand. Hundar må vere i band.

For å tilpasse verksemda vår, og informere andre aktørar i Tafjordfjella om kor villreinen er slik at dei også kan tilpasse seg, er vi avhengig av informasjon om observasjon av dyr eller dyrespor frå de som gjeng i fjellet.

Ta kontakt med oss på telefon 70 12 58 04/e-post dnt.sunnmore@dnt.no eller messenger om du har opplysningar.


Skrevet av Tone Drabløs 27. april 2021