Haustfjellet lokkar!

Hausttur i Tafjordfjella
Hausttur i Tafjordfjella Foto: Sindre Nikolai Aker

Skifte mellom årstidene skjer raskt i fjellet. Dei første frostnettene dukkar opp i Tafjordfjella, og tida er inne for å planlegge haustturen. Her er tips frå DNT Sunnmøre!

Sunnmørsalpane

Vesle Tyssenaustet er ei sjarmerande hytte ved Tyssevatnet på Bjørke innst i Hjørundfjorden. Opprinnelig eit naust som er ombygd til hytte. Der er 6 sengeplassar og eit lite kjøken og opphaldsrom. Der er dyner og puter i sengene, alt du treng for å lage mat, men ikkje proviant. Det skal vere bra med fisk i vatnet, og i (det eigentlige) naustet ligg det båt og garn for den som vil prøve fiskelukka.

Fjella rundt Tyssenaustet er mykje av det kvasse slaget, men nokre er også godt eigna for born. Frå Tyssenuten og Høghornet har du eit fantastisk utsyn utover heile Hjørundfjorden, og turen opp er ikkje vanskeleg, berre litt bratt.

Tverrelvdalen er eit eventyr, og passar fint for barn frå ca 6 år. Litt ulendt oppover, men vel oppe er dalen heilt flat og med små vatn, elvar og bekkar.

Tyssenaustet leigast ut som heilheit, det vil seie at du og familien og/eller gode vener får hytta heilt for dykk sjølve. Det er ikkje proviant der, men elles alt som trengst for eit triveleg opphald. Opphald bestillast på www.ut.no.

På veg mot Tyssenaustet
På veg mot Tyssenaustet Foto: Matija Fabijan, DNTs fotokonkurranse

Velleseter er ei av hyttene med enklast tilkome. Etter ca 2 km på anleggsveg gjennom skogen står hytta der, med kvasse tindar på alle kantar. Hytta har sengeplass til 11 personar og eit fint rom for hund og eigar i uthuset. Det er ikkje proviant der, så ein må ta med maten sjølv. Også rundt Velleseter er fjella krevande, men turen på stien innover dalen er fin for dei minste. På setervollen er det fint å leike, med store steinar å klatre på og ei lita elv å utforske.

Tafjordfjella

Reindalen med hyttene Jakobselet og Reindalseter ​​​​​​​(sjølvbetjent)  er aldri feil om hausten. Turen opp til dalen er enkel og grei, og vel oppe har ein lagt sivilisasjonen bak seg, sidan mobildekninga er relativt dårlig. Då blir det desto større fokus på det som er kjekt når ein er på tur - naturen, den friske lufta, lukta av nykokt kaffe på morgonen og å vere saman. Det er mange turar ein kan gå med utgangspunkt i Reindalen, og for dei små er det stor stas å gå bort til den falne storfurua. Betre klatrestativ finst ikkje!

Huldrekoppen er ein fin dagstur, også for dei yngre. Her er det fleire vatn ein kan prøve fiskelukka i, eller kanskje ta eit iskaldt haustbad? Daurmålshaugen og Rødalsegga er også turmål som er innan rekkevidde for litt eldre barn.

Mange seier at Vakkerstøylen er den koseligste hytta til DNT Sunnmøre. Ho er eit gamalt tømmerhus frå 1850-tallet, som blei kjøpt av Turistforeininga og flytta dit det står i dag i 1938, med hest og slede. Hesten hadde truger! Hytta er ombygd dei siste åra, og har fått ny inngang og peis, i tillegg til tørkerom, vaskerom og innvendig vedbod. 

Turen inn til hytta er enkel og grei, rundt 9 km og minimalt med stigning. Den passar også godt for mindre born. Hytta ligg ved Ulvådalsvatnet i fin fjellbjørkeskog. I vatnet er det fisk å få og ved naustet ligg ein kano. Fiskekort får ein kjøpt på inatur.no, men born under 16 år fiskar gratis. 

Enkle turmål frå hytta er f.eks Trollstølen eller Jervebu, og for dei som vil gå langt og bratt er både Hånådalstinden og Bjørnegga/Bjørnabottinden innan rekkevidde. 

Eit medlemskap i DNT bidreg til å skape turopplevingar for heile Noreg! DNT har 550 hytter og meir enn 22 000 km med merka stiar over hele landet. DNT Sunnmøre har 13 hytter og ca 400 km med merka stiar i Tafjordfjella og Sunnmørsalpane. I tillegg har vi turar, arrangement og kurs heile året. Her er det mange mogelegheiter for spanande opplevingar. På toppen av dette får medlemmar i DNT rabattar på turutstyr, reiser, overnatting, forsikring og konsertar. Les meir og medlemsfordelane her.

Skrevet av Tone Drabløs 8. september 2021