Nytt Barnas Turlag i Sande!

Turleiarane godt nøgde med oppmøte. Fv: Marta Elise Baade Gjerde, Elise Waade Myklebust, Malin Knotten Bø, Janita Kvalen, Ingvild Kalland Muren, Karina Beate Skare Longva, Sara Fugledal Wiik, Anne-Lise Skoge Knotten.
Turleiarane godt nøgde med oppmøte. Fv: Marta Elise Baade Gjerde, Elise Waade Myklebust, Malin Knotten Bø, Janita Kvalen, Ingvild Kalland Muren, Karina Beate Skare Longva, Sara Fugledal Wiik, Anne-Lise Skoge Knotten. Foto: Sara Fugledal Wiik

Barnas Turlag Sande er nystarta og hadde sin første tur i helga, og heile 50 born med foreldre møtte opp!

Idag, søndag tredje april var det klart for den fyrste turen i regi av Barnas Turlag Sande. Turen gjekk til Kjeldsund og gapahuken der. Trass sludd, kuling og kaldt vær møtte om lag femti born. 

Barnas Turlag Sande (eit tilbod gjennom DNT Sunnmøre) skal ha turar om lag ein gong i månaden og har ulike destinasjoner. Det er for alle born 0-12 år og det er same kvar ein bur, Sande eller ei. På facebook sida kan ein finne meir informasjon. Inga påmelding og gratis. 

Borna fekk utdelt eit turkort. Dette var stor stas, sjølvsagt! På kvar tur får dei eit klistremerke og etter fem turar får ein premie. 

Barnas turlag har ein turvenn. Han heiter Turbo og er med på alle turar. Idag hadde Turbo gøymt seg og det vart stor leiteaksjon. Finnarlønna var «eg er ein turbo» button til alle borna. 

På denne turen hadde vi bål og grilla oss mat. 

Hjarteleg velkomne på neste tur, som blir åpning av Eventyrstien i Gursken den 2. mai. Her kan du lese meir om den. 

Helsing turleiar Sara Fugledal Wiik.

Skrevet av Tone Drabløs 4. april 2022