Førjulstur i Liasetskogen

Foto: Ottar Pilskog

Hvorfor er det ikke flere desemberturer på turprogrammet når det er så godt oppmøte?

Heile 80 personar, store og små hadde teke turen til Øvste Liaset sist sundag for å hygge seg og stresse ned i ei elles travel førjulstid. Bålet grilla maten og gav ei fin førjulsstemnig i det opne skogholtet. Luciasongen til nokre flinke småjenter markerte dagen og skogsnissen synte seg med smågodt til store og små. Naturstien gjorde vegen opp lettare og meir interessant for dei yngste, og som dessutan vart aktiviserte gjennom ymse leikar oppe i skogholtet.

Hjørungavåg IL sine fjellturar har også i år  vore svært populære. Turane for neste år er alt oppsette med eit varierande turval. Vi kjem tilbake med fullstendig liste ut på nyåret. Det vert berre å følgje med for bygdefolk og andre som vil vere med oss på tur.

Vi takkar dermed for i år og ynskjer velkomne til mange fine turar i året som kjem.

Skrevet av Åsmund Steen 15. desember 2015