Flotte "Kom deg ut"-dager

På Sunnmøre var det fire "Kom deg ut"-dagar på søndag 7. februar, og mykje folk samla.

I Sykkylven var det "Kom deg ut-dag" på Fjellsetra, rett på andre sida av skitrekket. Her det snømannkonkurranse og mykje anna moro. Om lag 100 store og små var innom til bålkos og skileik. Det var Trude Paulsen som var arrangør, og i Trudes blogg kan de lese meir om dagen. 

I Volda var det "Kom deg ut-dag" på Raudehytta over Volda skisenter. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn fortel:  

"Trass eit kjipt regnver var det stort oppmøte på Kom deg ut-dagen ved Raudehytta/Kleppesætra i Volda. Omlag femti små og store deltok på turtipp, ballongsprekke-konkurranse, skihumpeløype, aking og bål.  Ein god del var innom ei kortare stund, så totalt var det ca 70 personar. Det er første gang vi har eit slikt vinterarrangement i Volda".

I Herøy var det arrangement på Heidbana. Julie Kristin Kvalsund Sydhagen fortel: "På den flotte turstien kunne alle som ville være med på TurTipp, som er ei sporløype med spørsmål både til barn og voksne. Alle som deltok, var med i trekninga av fine premiar frå Den Norske Turistforening. Vel nede på Heidbana igjen sto bålpanna klar til grilling for den som ville det. Kaffi på kjel til dei vaksne, og kakao til barna. Sidan det var fastelavenssøndag, var det også fastelavensbollar til alle som ville ha. Om lag 38 barn og vaksne var med på Kom deg ut-dagen i Herøy, og alle som hadde gjennomført 5 turar fekk premie. Det var kjekt å sjå både nye og kjente fjes denne dagen, og vi håper at alle hadde det kjekt i lag med oss."

På Liasætra  i Ørskog var om lag 100 små og store innom på gløgg og aking. Det var god aktivitet både i akebakken og på hoppet, som vart større og større etter kvart. Etter kvart kom det ei heil snøfamilie med vestar frå DNT. Ute i byen regna det, men på Liasætra var det opphaldsvær og fint heile dagen.

Skrevet av Åsmund Steen 10. februar 2016