Floratur i Reindalen

Blomster og planter identifiseres.
Blomster og planter identifiseres. Foto: Edmund Hofseide

I starten av sesongen på Reindalseter hadde DNT Sunnmøre en tur med floraen i Reindalen som tema. Målet var ikke å gå høyt eller langt, men å se på smått og stort som vokser der høyt til fjells. Her er referat fra turdeltaker Kristin Vågene.

Referat frå Flora-turen i Reindalen 3. til 5. juli 2020

Oppmøte ved Zakariasdammen fredag 3. juli kl 13.

Kva vær vi ville få var usikkert. Nokken kom i boblejakke, nokken kom i anorakk, andre hadde regnklede. Det var tilmed nokken som kom i shorts og hadde paraply mot regnet. Etter ein presentasjonsrunde la vi i veg. Vi gjekk «nedsteråsa» oppover.

Matpausen tok vi der fossen buldra på sitt beste. Dei blomstrane vi hadde plukka undervegs vart identifiserte her. Vi hadde funne bergfrua undervegs. Den plukka vi sjølvsagt ikkje, men  vi fekk fine bilder av den.

Vi kom fram til Reindalssæter i god tid før middag. Vi var svoltne og trøtte og det vart ei mumling rundt bordet av smattande fjellfolk som fekk servert brennsnut til forrett, bacalao til hovudrett og sjokolade med bær til dessert. Vi avstod frå å slikke tallerkenane, men vi hadde lyst.

Laurdag var vi tidleg oppe. For ein dag! Knall blå himmel, utan ei sky.

Turleiar Åsmund Skålvik orienterte oss om Reindalen, og om skogsdrifta som var her for hundre år sidan. Vi var innom Reindalssaga og såg korleis dei leda vatnet frå elva gjennom kanalar og ned i ei stor demme. Frå demma kunne dei lede vatnet ned mot skovlane som drog i gang banda som dreiv saga.

Kva fekk folk til å starte med sagbruk så høgt til fjells?

Skogen på kysten var uthogd. Skogreisinga hadde ikkje kome skikkeleg i gang, skogen i Reindalen var gammal og her var det rikeleg med store tre. Dei gamle furutrea hadde al-ved eller kjerneved som nokon kallar den. Desse trea kunne brukast til bygging av båtar, lafta hus og stavkyrkjer. Arbeidskrafta var billeg og materialane kostbare.

Frå Reindalen vart materialane frakta ned til Tafjorden. Der dei kunne frakte det med båt gjorde dei det, elles vart løypestrengar nytta. Det kunne verte så mykje som 15 omlastingar før materialane var komne til sjøen.

Målet vårt laurdag var å komme så høgt at vi fann reinrosa og rødsildre. Men den kalde og snørike mai månad hadde sett naturen på vent. Vi fann ikkje dei. Men vi fann mange fine likevel. Greplyng og sølv-vier var flotte å sjå på. Vi vart også forbausa over furua som kryp så høgt til fjells. På 1070 moh fann vi ei furu som hadde stått her nokre år. Her har naturen drive sin eigen bonsai-dyrking. Einer og tyttebær klorte seg fast i bergveggane.

Vi fann også spor etter jegerar. Når dei jakta på rein før i tida låg dei gjerne til fjells i dagevis. Då fann dei seg herberge i fjellet. Det kunne vere ei naturleg hole der dei bygde opp ein vegg av stein som dei fann i nærleiken. Jerven hadde også glede av desse herberga, så før dei kraup inn i slike hòler måtte dei skyte inn i hola for å skremde vekk jerven.

Vi åt nista attmed ein bekk. Edmund hadde med seg primus og eit par suppeposar. Det smakte godt med varm suppe. Ungdommen fekk tid til litt leik på snøfonnene. Tord bygde ein snømannn.

Høgfjellssola tok på og det var ikkje fritt for at nokon vart litt solbrente.

Etter å ha vore oppe i over 1100 moh tok vi oss ned att til Reindalssæter. Vi var spente på kva dei hadde laga til middag i dag. For ei servering! Fransk løksuppe til forrett, lammeskanke til hovudrett og blåbærmousse med vaniljesaus til dessert. Vi tok kaffien ute i det varme veret samstundes som vi oppsummerte og evaluerte dagens tur.

Søndag såg vi at det skya til, så vi begynte på heimveg rett etter frukost. Vi tok «øvsteråsa» ned. Det var nokon av oss gamle og skrøpelege som syntes den var litt smal enkelte plassar. Regnet begynte ikkje før vi var kome heilt ned.

Skrevet av Tone Drabløs 16. juli 2020