Høyt over fjorden på Slingsbys topp

Foto: Jon Andre Teigen

Toppturentusiasten Ronny Ødegård var med fjellsportgruppa til Slingsbys topp sist helg. Her er hans rapport frå turen.

Turrapport Slingbys topp – 10.08.20


Dette er toppen som ikkje mange besøker – grunnen er nok at den er på mange måtar litt utilgjengeleg, er eksponert og har ingen sti på heile rutevalget.

Men «du og du» for eit fjell når du kjem opp i området rundt toppen – då opnar det seg opp eit skue av fjellformasjonar og fjord rundt oss – Norsk landskap i verdsklasse!

Turen starta ved Ytre Standal der åtte deltakarar og to turleiarar hadde spenninga langt utanpå fjellkleda denne morgonen! Kvifor ? Jau vi skulle gjere eit forsøk på å få oppleve denne spektakulere toppen som verken Slingsbys sjølv og mange andre ikkje har fått æra av å besøke! Slingsbys topp er ein av tre søstre som dei vert kalla – nemleg Slinbsbys topp, Randers topp og Mohns topp.
Deltakarar i alle kategorier – i alle fall om vi måler i dialekter, men veldig engasjerte og kjekke.

Turen kan delast opp i mange etapper eller parti om ein vil. Starten gjennom skogkrattet som vi var enige om var mest ei bukkerås var ikkje ein start på dagen vi ønska oss akkurat – men gleda var stor nok då vi kom opp på ryggen og kunne sjå både turmålet og eit storslått panorama rundt oss i alle retningar.

No var det berre å gå den enklaste etappen på turen langs heile Haukåsryggen og fram til brattare fjell!

Vidare var det litt ned i ei renne før vi runda nokre pinaklar og styrte oss opp ei lang stor renne der det ofte ligger meir snø – her var det pause og på med det første sikringsutstyret.

Med varsamheit snirkla vi oss opp nye renner som var noko utsatte og våte før vi kunne sjå over den første kanten og mot dei fantastiske toppane rundt oss. Så var det eit kruks som var litt trøblete – men jammen kom alle seg gjennom dette hinderet også – hærlege tider sang eg!
Stor grunn til og vitse om alt og alle i slike omgivelsar!

Ny kort pause og vi skulle inn i ei ny renne som ikkje var vanskeleg og oppover på gode tak og hylleflanker før vi tok eit siste klarteopptak til standplass og vi var klare for det eksponerte toppstøtet – grøss og gru…

På med klatresele og alt tilbehør – turleiar Ola forklarte oss grundig korleis vi skulle opptre og gjennomføre toppegga som er ekstremt eksponert, men ikkje teknisk vanskeleg.
Ein etter ein tok turen bortover den 70 meter lange utfordringa med tindrande og høglytte kommentarar frå Liv Randi! Her er det ikkje stein og holde seg i var eit sitat – men hææ, stein var det nok av? Liv Randi meinte det ikkje akkurat slik; det var gode tak i steinen ho etterlyste – ja då forstår vi.

Når alle hadde komt seg heilskinna over egga så var det full jubel og lettelse av å kunne få lov til å stå så tappert på denne toppen med denne hærlege gjengen og omgivelsane rundt oss på alle kantar. Elisabeth var så glad for å vere her at ho strekte seg så lang ho var utover på berget og samla krefter til returen og kunne nyte solsteiken over heile seg!

Etter atter ein lang nytelse på toppen så var det å gjere seg ferdig med returen på den eksponerte egga – litt meir vanskeleg på returen synest eg – alle kom seg raskt over igjen og vi kunne puste letta ut.

Etter litt nedover så kom vi til ei av rennene som vi no skulle rappelere to lengder – då unngikk vi dei våte og glatte partia – dette tok litt tid sjølvsagt sidan ti personar skulle prøve seg ein og ein.

Når vi hadde rappelert ned så var det ned til der vi tok på oss hjelmar og øvig klatreutstyr – returen ned ei anna renne før ny rute mot dalen.

Ned den siste etappa var i ny krattskog og lite innbydande terreng – rett og slett skitveg!
Etter ein strabasiøs time i dette krattet var vi nede på stien som er overgang frå Ytre Standal og Standaleidet – ja for ein lettelse, no nærma vi oss bilane våre igjen.
Kva er klokka? Den viser tidsforbruk 11,5 t. – det var mykje? Ja men god investering på nye opplevelsar.

For ein turgjeng og for nokre dyktige guidar i Ola Ose Pedersen og Jon Andre Teigen!

Det høyrer med til historia at det var lita uenigheit om at Hendrik Spilker skulle bære klatretauet- Kvifor; ? Når han har gått/sprunge ruta med 18 fjelltoppar frå Hellesylt til Stranda på ein dag – så var valget enkelt – he he!

Slinsbys topp = Check – og takk for følget og opplevelsen alle saman – dette vil eg huske for alltid!

Vi elskar fjella på Sunnmøre 😊

Mvh.
Ronny Ødegård
-toppturentusiast-

Skrevet av Tone Drabløs 12. august 2020