Hausttur til Masdalhornet

Foto: Martin Hauge-Nilsen

Sundag 1. november arrangerte DNT Sunnmøre ein fjelltur til Masdalshornet i Ørsta. Øystein Drabløs Langlo og Rigmor Nekstad var sett opp som turleiarar og dei følte seg inspirert nok til å arrangere turen på nytt denne hausten etter stor suksess med same turen hausten 2019.


Turen starta ifrå Vartdalssætra kl 10.00 og frammøtet var bra med med både erfarne turdeltakarar og turleiarar. Vi var med andre ord ein flott gjeng! Turdeltakarane var godt skodd og utstyrd for både ver og vind sidan vermeldingane skulle tilseie sterk vind og etterkvart nedbør utover dagen. Hue, vottar og varm drikke var heilt sjølvsagt.


Vi gjekk nokre få hundre meter austover i dalen før oppstigninga starta nordover mot ryggen til Trongegga og Masdalshornet. Det var ei bratt oppstigning, men vi fekk oppleve at mange høgdemeter vart vunne og utsikta over Romedalen vann raskt fram. Snart kunne vi kike rundt oss og peike på alle toppane ein har anten gått eller har lyst til å gå i framtida, og det er ikkje småtteri til toppar når det dreiar seg om blant anna Romedalstinden, Kolåstinden, Fingeren og Åvasstinden.


Når vi kom opp på ryggen som førte vidare opp langs den eksponerte ryggen på Trongegga, var det fleire fjelltoppar og spektakulære dalar i sikte. Molladalen er eit vakkert utsyn ifrå denne vinkelen og panoramaet over kombinasjonen fjelldalar, fjelltoppar og kyst kunne ikkje ha vore meir spektakulært.


Traversen over Trongegga var turen sin mest eksponerte del, men den var ikkje meir eksponert enn at det gjekk fint an å gå litt på sørvestsida av Trongegga for dei som hadde litt høgdeskrekk. Deretter følgde ein flat anmarsj over det store og breie platået på veg til Masdalshornet. Vi hadde ein “obligatorisk stopp” ved Grøthornet for fotografering og spektakulær utsikt over Klovetinden og Molladalen. 


Deretter gjekk det i strak marsj til Masdalshornet der lunsjpausen vart halden. Utsikta var upåklakeleg over Vartdalsfjorden, Ålesund, Hareidlandet, Klovetinden, Molladalen og Romedalen. Nokon lot seg også tillate å skrive seg inn i turboka, medan andre lot seg posere foran varden. Stemninga var fin og det var den også på returen. Returen gjekk i bein marsj same vegen, og tempoet vart litt prega av at vi såg sigande regnskur innover ifrå havet. Vi skulle nok få sleppe den verste nedbørsvreden, men sterk og kald vind slapp vi ikkje unna. Det bar likevel ikkje på noko utfordring for ein turvand og erfaren turgruppe som var med denne dagen. 


Då vi kom attende til parkeringsplassen på Vartdalssætra, var folk samde om at dette var ein fin tur og fin utflukt i november med sine kortare dagar. Turgruppa var strålande fornøgd med initiativet til DNT Sunnmøre og bad om at vi kunne arrangere fleire fjellturar i helgene utover november. For oss turleiarane er dette veldig hyggjeleg tilbakemelding og kan inspirere til å arrangere nye turar i november. Følg med på turar som vert lagt ut framover!


Med venleg helsing


Øystein Drabløs Langlo og Rigmor Nekstad

Skrevet av Tone Drabløs 13. november 2020