Foto: Rigmor Nekstad

Vindfull tur til Aurdalsnibba og Revsdalshornet

Fire deltakarar ville vere med oss til Aurdalsnibba på søndagstur, og med to turleiarar vart vi ei fin gruppe på  seks som trossa vinden og fekk ein fin tur over to toppar i Sykkylven.

Så innmari kjekt at fire turdeltakarar hadde lyst til å vere med oss på tur i dag. Vi var litt skeptiske i høve vêret, men det var veldig fint utover dagen. Vi snakka om å ta med oss Revsdalshornet på vegen, men vi måtte sjå an korleis vêret utvikla seg før vi bestemte oss for topp nymmer to.

Vi parkerte ved hyttene, før vi gjekk tilbake til startpunkt for oppstiginga til Aurdalsnibba 1126 moh.  Første del av ruta er ganske så bratt, men fekk jo litt oppvarming på grusvegen før vi skulle starte på stien. Då vi kom over skoggrensa møtte vinden oss, det var ein stad mellom yr og storm sine meldingar. Vi tok ei lita pause i ly for vinden, før vi fortsatte mot toppen, eller rettere sagt ut mot vardane, toppen er litt lengre inn på platået. Det er ein fin og lett gått sti opp til Aurdalsnibba.

Det var vindfullt på toppen, så vi bestemt oss for å gå vidare før vi tok matpause. På veg ned frå Aurdalsnibba og mot skaret som går over til Auskjeret, fant vi ly og tok pause i god covid-19 ånd, med minst 1 meter mellom deltakarane. Vi fortsatte vidare ned mot Brekka og bestemte oss for å gå opp på Revsdalshornet. Litt krevjande oppstiging, men aldri utsett. Det bles friskt på toppen, men det vart likevel ein tur innom vardane før vi gjekk bort på hovudtoppen og ganske kjapt ned igjen. Stien ned skogen er lett å finne og mykje gått.

Heilt fantastisk å kunne få til ein slik tur i midten av november, håper på slike dagar ei stund til slik vi får til fleire litt enkle, men allikevel krevjande turar.


Takk for at de gjorde turen så fantastisk flott!


Helsing turleiar Rigmor Nekstad

Skrevet av Tone Drabløs 17. november 2020