Vidaregåande skredkurs med kameratredning i fokus

Foto: Marcin Krzeptowski

DNT Sunnmøre arrangerar kvart år skredkurs, både grunnleggande og vidaregåande. I år vart opplegget litt annleis på grunn av smittevern, men lærdomen deltakarane skal site igjen med skal vere den same. Her fortel kursdeltakar Rigmor Nekstad korleis ho har opplevd kurset.

I helga arrangerte DNT Sunnmøre vidaregåande skredkurs - for ei oppleving!

 Kursleiar Åsmund Steen, godt hjulpen av to utruleg flinke instruktører sytte for eit vanvittig lærerikt og kjekt kurs! Som einaste jente/dame kjente eg litt på det å vere "femte hjul på vogna" i nokre tilfeller. Omgrepet for kurset var kameratredning, for det handlar faktisk om det, å vere beredt i høve vêr, snøforhold og terrengfeller med grupper på tur. Det å ta kloke og fornuftige val er jo kameratredning i praksis. Områder vi bevega oss i var, Barstadvika, Ytre Standal og Liadal. 

Å planlegge trygge turar, handlar om førebuing med alle hjelpemiddel ein har tilgjengeleg, men når ein er ute handlar det like mykje om å ta gode val når ein er i terrenget. Det er mykje å reflektere over i etterkant, ting ein kanskje ikkje tenkte bevisst over, men som ein berre veit, akkurat som taus kunnskap. Det er kjekt å lære i fellesskap, knytte nye relasjonar, utfordre seg sjølv i samhandling med andre, å vere ein del av ei gruppe som tek avgjerslar saman og diskuterer seg fram til best mogleg løysing. Tre dagar til ende med; Ski, terrengklassar, terrengefeller, generelt vêr og vind, snøkrystaller, blokktest, søking og framgraving, regobs, varsom, yr, kart og kompass, litteratur omsett i praksis. 

Rett og slett kameratredning. 

Tre fantastiske dagar er slutt, skulle ønskje vi kunne dra på tur i morgon også. 

Rigmor Nekstad, kursdeltakar

Skrevet av Tone Drabløs 15. februar 2021