Solskinnstur til Eidskyrkja

Foto: Jørn Håskjold

Laurdag 17. april arrangerte DNT Sunnmøre skitur til Eidskyrkja og Jørn Håskjold og Øystein Drabløs Langlo var turleiarar. Turen starta ifrå Skinnviksætra i Austefjorden og vi skulle ha snø under skia frå parkeringsplassen.


Det skulle vise seg at vi ikkje måtte gå mange høgdemetrane før vi fekk tørr fin snø som var upåverka av sol og varme siste dagane. Og det var heller ikkje tilfeldig at startpunktet på turen vart flytta frå Grøndalsvatnet til Skinnviksætra. Med faregrad 3! og skredproblem som solinnstråling og temperaturstigning var det gunstig å gå opp den nordvendte renna før topplatået. 


Skuggesida skulle vise seg å halde snøen tørr og det var få fareteikn å sjå på veg opp. Når Yr samstundes meldte minusgrader på Eidskyrkja, var det lite som tyda på at hengjeskavlane skulle utgjere noko trugsel. Den tørre snøen var populær og tok fram smilet blant samtlege turdeltakarar. Vi gjekk radigt opp til der Blåbreen startar der vi grov snøprofil før vi skulle passere skredterrenget i øvre del av renna. Snøtemperaturen vart målt, spadetest vart gjennomført og krystallkort og forstørringsglas vart nytta for å analysere snøkrystalla ned til mikroskopisk nivå. Turleiar Jørn kunne konstatere at kantkornlaget var smelteomdanna og utgjorde absolutt minimal skredfare for vår ferdsel og det skapte definitivt ein trygg og komfortabel atmosfære i turgruppa. 


Vi fylte att snøholet til snøprofilen og traverserte opp renna utan å observere nye fareteikn i snødekket eller omgivnadane rundt oss. Vi gjekk opp til topplatået der det var slak sjarmetappe vidare til toppen. Turdeltakarane fekk nyte den imponerande utsikta utover Voldafjorden og heilt til havgapet. Med snødekt landskap til fjordnivå var ikkje lysforholda mindre fascinerande. Toppvarden var lett å finne med sin store tåkerim- og snødekte utsjånad. Her skulle vi få 100% panoramautsikt over Sunnmørsalpane, Jostedalsbreen og fjella i Nordfjord. Sol og kald vind gjorde at vi måtte finne fram både varme vottar og dunjakke. 


Vi åt lunsjen før vi tok av fellene og gjorde oss klare for den nydelege nedfarten. Det skulle vise seg at den skulle bli frydefull med lett cruising nedover det slake topplatået. Alle stoppa og venta før renna. Den var tørr, stabil og fin å renne ned til trass for mange tidlegare spor. Når vi kom ned i renna, venta høgdepunktet på nedfarta. Vi fann urørt og tørr snø i kupert terreng og skuggeside, og begeistringa var såpass stor at det vart stemning for å ta på oss fellene og gå opp til der den urørte snøen starta. Ikkje alle valte å gå heile vegen opp. Nokon sa seg nøgd med å renne ned til det meir solpåverka terrenget og dei fekk meir smaken på slusjsnø. Uansett enda alle opp nøgde på avtalt stoppestad før siste del av turen gjekk ned til parkeringa. Der venta snøsmelting, smil og takknemlege farvel. Turen var vellukka og alle kom heilskinna nedatt. Målet var nådd for turleiarane og turgruppa. La oss håpe på fleire fine vårskidagar som vi hadde den laurdagen!



Med venleg helsing


Øystein Drabløs Langlo og Jørn Håskjold

Skrevet av Tone Drabløs 19. april 2021