Turmatlaging på Devoldfabrikken

Foto: Cecil Elisabeth Nerbø

Mange trossa regn og vind og vart med på utematlaging med Barnas Turlag og Devoldfabrikken. Utematsjefen vår hadde komponert ein utsøkt meny og alle gikk mette og gode heim att!

20. mars var små og store deltakarar samla til ei kjekk stund på Devoldfabrikken i Langevågen. Med Kølbuda som base og bålpanner ute i regn og blest blei det koka og steikt på alle kantar. På menyen stod det torsketaco som hovudrett, der det blei laga egen panering til torsken, grilla tortillas og sjølvkomponert salsa til. Dessert måtte naturligvis også til, og det var ingen protestar når det blei ein variant av sjokoladefondue med oppskjært frukt på spyd til. Det var ikkje fritt for at fleire gjekk heim med sjokolade kring munnen etter endt økt.

Ein kjekk dag, til tross for litt ruskevær!


Helsing turleiar og utematsjef Cecil Elisabeth Nerbø

Skrevet av Tone Drabløs 28. april 2021