Padletur frå Giske til Erkna og Alnesraunen

Foto: Kyrre Rørstad

Erkna er ei lita øy rett vest for Vigra. Heile øya er naturreservat, for å ta vare på det rike fuglelivet. Der går også villsau. Det har vore fyr på øya sidan 1869, automatisert og avbemanna frå 1988. 

Søndag 5. september inviterte DNT Sunnmøre til padletur frå Giske til Erkna. Med tanke på at hausten har starta, så må ein vel kunne sei at vi fekk fine forhold. Vi starta frå Sandvika på Giske kl. 10, derfrå gjekk turen rett til Erkna, litt vind og bølger i starten, men ved når vi kom til Erkna vart det vindstille og det som ein kan kalle flatt hav.

Etter ei runde rundt Erkna, der både havørn og havsule var i nærområde, stoppa vi på søraust sida av øya for ei pause. Vi tok med nista opp til fyret for å få utsikt utover havet og resten av øya. Etter pause, var alle einige i at vi nytta dei fine forholda til å forlenge returen tilbake til Giske via Alensraunen. Også på Alensraunen nytta vi sjansen til å ta turen opp på skjæret.

Dette er ein tur som går i eksponert farvatn og kan ikkje padlast kvar dag, turen vart logga til 25 km, så ein ein god dagstur i kajakk. Når ein padlar slike turar, er det viktig at dei som er med har litt padleerfaring og er kjent med diverse redningar. Derfor stiller DNT Sunnmøre krav til Grunnkurs i Havkajakk for å kunne vere med på slike turar. Om du ønskjer å ta Grunnkurs Havkajakk er det mange alternativ, eit av dei er DNT.

Takk til dyktige turleiarar.


Helsing deltakar Sindre Slettestøl

Skrevet av Tone Drabløs 7. september 2021