Padletur til Flåvær i Herøy

Flåvær fyr med Skorpa og Nerlandsøya i bakgrunnen.
Flåvær fyr med Skorpa og Nerlandsøya i bakgrunnen. Foto: Anita Sundnes

Tysdag 10. august vart det padletur til Flåvær i Herøy kommune, denne turen var også arrangert i 2020 under fantastiske forhold. Nokre av dei som var med på turen i fjor var også påmeldt til årets tur, så forventningane til turen var store.

Også i år viste Søre Sunnmøre at det er mogleg å ha fine padleforhold. Yr trua med «styrtregn». Men etter litt finlesing av vêrmeldingane fann vi ut at på Flåvær skulle det vere fint heile kvelden.

12 personar møtte til padleturen, så vi måtte inn med ein ekstra turleiar. Turen gjekk frå Tarberg på Moltu, via Langholmane, Hidslendingane og over til Varholmen der Flåvær fyr er plassert. Ei planlagt matpause med bading for dei mest ivrige, vart lagt til Store Sandøya. Etter pause padla vi mot Flåværet og tok den obligatoriske turen gjennom brua mellom holmane. Returen tilbake til Tarberg gjekk via Torvholmen og Langholmane.

Dette er ein tur som krev fine forhold for å kunne gjennomførast, og det er også kryssing av skipsleia for å kome over til Flåvær. Så litt fokus må ein ha på ein slik tur.

Takk til dokke som valte å vere med på tur!

Helsing turleiar Sindre Slettestøl

Neste padletur går frå naustet i Nørvasundet til Svinøya, kor det blir øving på redning og leik i vatnet. Påmelding her.

Skrevet av Tone Drabløs 7. september 2021