Adventstur med røvarholevandring i Saurdalen

Foto: Ane Malene Søvik Nygård
Vi hadde ein fin adventstur, med røvarholevandring gjennom Saurdalen, Vanylven. 14 deltakarar, i stort sett fint opphaldsveir.
Ikkje alle hadde heilt trua på historiene knytt til holene, men spanande å kunne klatre gjennom, krype ned i og undersøke holrom i steinane som kanskje kunne vore opphaldsstad for nokon mindre kravstore bebuarar. Bål høyrer med, og vi rakk akkurat å kome oss på heimveg i skumringa. Kjekk tur med kjekt turfølge.
Helsing turleiar Ane Malene Søvik Nygård