Romjulspadling ved Eiksund

Foto: Sindre Slettestøl
I romjula inviterte DNT Sunnmøre til padletur ved Eiksund, og det vart ein flott opplevelse for alle som var med.
Turen gjekk rundt Eika i flott vinterver, ein tur på omlag 12 km. Deltakarane møtte godt førebudde, med godt med klede og god niste. Pausen tok dei i Paradisbukta, ein stad som verkeleg fortener namnet sitt. Der vart det bålbrenning og kjekt sosialt samver. Det vil bli fleire padleturar utover vinteren, så følg med på nett-og facebooksidene våre om du vil vere med.