Påskepadling i Gursken

Foto: Sindre Slettestøl

Tysdag 12. april var det padletur på silkeføre i Gurskenfjorden.

Turen starta i ei vik nært Gursken kyrkje og gjekk først til Myklebust Verft, der vi kom nært på ganske store forhold.Frå verftet padla vi vidare til enden av fjorden, før vi fortsette tilSandvika for ei pause. Etter pausa fortsette vi til Nupeneset der vi kom ganske så nært ei ørn, før vi kryssa fjorden over til Haugsbygda og følgde land tilbake til utgangspunktet.Fin tur på om lag 14 km.

Helsing turleiar Sindre Slettestøl


Neste padletur blir torsdag 28. april, fra naustet i Nørvasundet. Følg med på facebook for meir informasjon.

Den 6. juni kan du vere med på padletur på Geirangerfjorden. Meir informasjon og påmelding her.

Skrevet av Tone Drabløs 20. april 2022