Reisebrev frå ein hyttevert

Foto: Rigmor Nekstad

Ingen sommer utan fjelltur, og i år starta Rigmor Nekstad ferien sin med ei uke som hyttevert på Pyttbua.

Første veka av årets høgsesong er unnagjort. Det har vore eit varerande vêr frå pluss 18 til minus 3, samt ei natt med nattefrost, to morgener med nysnø og fantastiske flotte kveldar. 

Gjestane var særdeles hyggelige, som dei alltid er. Tesa mi held framleis, det er berre kjekke folk i fjellet. På måndag kom det to kjekke gutar som hadde gått fra Bjorli og heilt fram til Pyttbua, det er langt, og utruleg krevjande å gå på asfalt og grus. Dei var så glade for ei varm hytte og ei seng å sove i.  Dei gjekk tidleg avgarde morgonen etter, for å unngå tåka som var meldt seinare på dagen. 

På onsdag kom det opp tre godt vaksne, den eine skulle gå vidare, medan dei to andre skulle snu. Ho hadde med seg telt, men var veldig glad for å få sove i ei seng. Vi hadde det veldig triveleg og praten satt laust heilt fram til leggetid. 

Så såg eg ikkje folk før fredags kveld, då kom det opp fem damer fra DNT Romsdal, for ein utruleg triveleg gjeng. Dei skulle ta turen opp på Puttegga neste dag. Fekk ein førerapport, sidan eg hadde vore på Putteggenden og opp til 1643 på tysdag. Så kom bestevennen opp og helga vart komplett.

Eg fekk meg ei overrasking seint, seint på laurdagskveld, så dukka det opp fire stykker klokka 0032, glad eg ikkje var aleine då, for å seie det slik. Dei vart innlosjert av meg i bokser og ullgenser, måtte vore litt av eit syn...

Eg gjekk litt småturar i løpet av veka for å oreineter meg om føret. Bart på stien over Radiovatnet, så langt eg kunne sjå over fjellet. Over Puttskavlen er det enda mykje snø, stien over til Vakkerstøylen, har store snøfelt oppe på «sanden», bart ned så langt eg kunne sjå fra Tungerøten.

Eg var oppe på Benkehø på laurdag 27.juni, då kunne eg så at det var snøfritt på ryggen opp til Karitinden, men at det ligg mykje snø i overgangen mellom Karitind og Karihø.

Vi var oppe på Puttegga på laurdag i eit fantastisk vêr, god snø og god sikt til alle kantar, snøfritt fra Søre Skaret og opp til Høgstolen, bart opp ryggen til Karitind.

Snøsmeltinga stoppa meir eller mindre opp frå måndag til laurdag, det har vore jamt kaldt frå tysdag til laurdag føremiddag, og søndag vart det både tåke og regn utpå dagen.

Ei kjekk veke er over, eg er klar til neste sommar også eg.


Helsing frå Rigmor Nekstad

Skrevet av Tone Drabløs 7. juli 2020